Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Vår-debutantar: Grensesprengande band-jenter

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

onsdag 14. juni 2023

Ein av desse to debutantromanane tek pusten frå vår meldar, den andre vekkjer ettertanke. Vi melder «Jenny Fender» og «Sceneskifte». 

↑ «Sceneskifte» av Kari Mathilde Hestad. Foto: Samlaget / «Jenny Fender» av Heidi Marie Vestrheim. Foto: Gyldendal

I litteraturen som i livet heng hjarte ofte saman med smerte. I romanane Sceneskifte og Jenny Fender handlar det om å kome ut av skapet, om å tøyme kjensler, stå opp for kvarandre og om å handle rett. Begge romanane går føre seg blant unge som spelar i band. Som i ekte band skil dei lag, og vener svik kvarandre.

Dei ber på ulike kvalitetar, desse to bøkene. Den eine lukkast i å forløyse eit fresande litterært univers i eit musikk-konsept. Den andre er bygd over ei dramatisk form, men vinn mest på korleis verdiar som sjølvkjensle og eigenverd vert borne fram.

Sceneskifte


Roman av Kari Mathilde Hestad

Målgruppe: Ungdom

Samlaget 2023

«Sceneskifte» av Kari Mathilde Hestad. Foto: Samlaget

«Sceneskifte»: Intens roman om å kjempe for den ein er

Heldigvis har dei siste åra gjeve oss fleire bøker med skeive hovudpersonar, og mange av dei er jenter. I nokre av romanane verkar det lett å kome ut av skapet. Frå mitt eige oppvekstmiljø veit eg at dét ikkje er heile sanninga. Sjølv om det er lenge sidan, trur eg at dei mange ljose, lukkelege forteljingane, som Ti kniver i hjertet, Slagside og Hvite jenter kan ikke synge blues frå våre dagar treng ei nyansering.

Sceneskifte av debutanten Kari Mathilde Hestad er ei slik bok. Romanen viser også at ein kan kjenne seg usikker på kven ein er, eller velje å stå fram som gut sjølv om ein er fødd jente. Hestad gjer ein vellukka debut med ein dramatisk roman om mobbing, kjønnsidentitet og samhald mellom unge.

Mobbing og utanforskap

Hestad tek opp kjønnsidentitet, psykiske problem og mobbing i ein ungdomsroman om å stå utanfor gjengen og kjempe for den ein er: «Eg veit ikkje om nokon andre her i bygda som er skeive, eller som tør vedgå at dei er det» seier eg-forteljaren Alex. Ho er polsk innvandrar og bur åleine med mora utan kontakt med faren. Meir representasjon av ikkje-norske eineforeldre i barne- og ungdomslitteraturen, er velkome.

Alex er van med mobbing frå skulekameratane: «Jonas og eit par andre gutar i klassen elskar å bruke lesbe mot meg». Eg-forteljaren unnskylder plagarane med å tenkje at dei berre ikkje likar ho, og då er tyninga eit naturleg uttrykk for det. Då er det godt at ein annan del av eg-forteljaren står i mot: «som om det er noko skammeleg og flautt dei kan ta meg for». Den innvendinga overtyder meg om at eg-forteljaren har eit slags sjølvverd likevel.

Oppbygginga av intriga gjer teksten medrivande

Kari Mathilde Hestad. Foto: Heidi Furre / Samlaget

Spanande intrige

Hestad er god til å skape ei overtydande intrige med dramatisk utvikling. Når romanen går i gong, er forhaldet mellom eg-forteljaren og Ronja nettopp avslutta – til Alex si sorg. Ronja set ut eit usant rykte om sin tidlegare kjærast. Det gjev opphav til meir utfrysing og styrkar mobbinga Alex allereie er utsett for. Undervegs tirrar mobbarane kvarandre opp, vert endå grovare og sender hatmeldingar på sms til Alex. Ingen les desse utan å verte djupt opprørte.

Samstundes er Sceneskifte også ein «bandroman» om samhald mellom unge med referansar til film og musikk. At bandet skal spele på skulen under den årlege halloweenfeiringa, er den sentrale hendinga romanhandlinga styrar mot. Spaninga byggjer seg opp. Bandmedlemmane svik kvarandre. Nokon dreg og seier ikkje frå før dei stikk. Dei som klagar over svikarane, sviktar sjølv venene ved neste korsveg. Oppbygginga av intriga gjer teksten medrivande.

Ein sti med knuste hjarte

Inn frå sida kjem inn ein ny gut som løfter romanuniverset. Han er trans, hjartevarm og full av overskot og sjølvtillit. Inkluderande åtferd og omtanke for andre sitt ve og vel er verdiar som vert tekne inn i romanuniverset med nykomaren. Mika blir ven med Alex. Det løftar ho, men skuffelsen tek overhand: «Kjensla eg hadde av å vere sterk og uovervinneleg, som gjorde at eg takla mobbinga til Jonas, forsvann med det same eg fekk den snappen». Mika er ikkje til stades i dei signala han sender ut. Her er det hippiefaren til Mika som grip inn og forklarer: «For å seie det rett ut, Alex, så har nok Mika ein sti med knuste hjarte etter seg.»

Mika er allereie så smått opptatt av Ronja. Og då er det duka for sjalusidrama.

Universet er skrudd saman på ein måte som fengjer. Avslutninga er eit crescendo som har ekko frå film- og teaterscenen i seg. Eg kjem i tankar om «Confession»-scena i den legendariske ungdomsfilmen The Breakfast Club, men også til ei meir satirisk scene over same lest i Mean Girls. I Sceneskifte er ikkje erkjenningsscena heilt truverdig, men ho verkar særs håpefull.

Avslutninga er eit crescendo som har ekko frå film- og teaterscenen i seg

Intens lesnad

Sceneskifte har ei klassisk dramatisk oppbygnad med konflikt, løysing og oppklåring. Romanen verkar alt i alt godt gjennomarbeidd. Ein streng lesar ville kanskje tenkje at her er rikeleg av problem for ein enkelt roman, men det gjer samstundes at boka vert intens lesnad.

Undervegs reiser romanen fleire spørsmål med moralske implikasjonar. Dei dilemmaa som kjem fram, har røter i bakanforliggande problem hos alle romanpersonane. Det har aldri har vore enkelt å vise fram kor sårbar ein er som ung.

Biletet av eg-forteljaren er håpefullt på vegner av alle som er ofre for utstøyting. Alex har ein indre motstand i seg som gjer at ho maktar å stå i mot plaginga. I ein roman som er retta mot unge, er det eit pluss at ho klarar å slå tilbake og bevare ei indre kraft, sjølv om klassen gjer kva dei kan for å rive ho frå kvarandre. Trakasseringa tek av på ein måte som gjer at ho ikkje lenger kan forsvare seg. Innanfor romanuniverset finst likevel ei løysing – ei opning mot ei betre framtid. Sceneskifte bør av slike grunnar lesast av alle unge.

Biletet av eg-forteljaren er håpefullt på vegner av alle som er ofre for utstøyting

Jenny Fender


Roman av Heidi Marie Vestheim

Målgruppe: 9-13 år

Gyldendal 2023

«Jenny Fender»: Rockar seg ut av skapet og inn i historia

Å suse av garde på motorvegen om sommaren med ungane si speleliste på full guffe er eit høgdepunkt for meg. Kjensla av å vere saman, dele songar, rytmar, å prate om musikken og livet gjer bilinga langsetter dei keisame vegane til ei oppleving full av nostalgi og fellesskap. Låtane er ofte av det eldre slaget, kjende frå min eigen ungdom. Gamal musikk trendar, fortel ungane og føreles om kva for låtar som verkeleg er gode og kvifor dei bør på spelelista.

«Jenny Fender» av Heidi Marie Vestrheim. Omslaget er laga av Sigbjørn Lilleeng. Foto: Gyldendal

Jenny Fender. Merk deg namnet

Musikaren og programleiaren Heidi Marie Vestrheim, kjend frå NRK, debuterer sterkt med ein vellukka roman for ni- til trettenåringar. Her skildrast ei bygdejente i brytningsfasen mellom barn og ungdom i eit forrykande drama.

Jenny Fender, merk deg namnet, er oppkalla etter den legendariske første elektriske gitaren, laga av Leo Fender i 1946, kjenneteiknet på rockehistoria si byrjing. Ho har eit mål, og det er å bli rockestjerne. Draumen vert karakterskapande i boka. Romanen er ei identitetsforteljing, men også eit venskapsdrama om frigjering og sjølvstende.

Jenny er eit fyrverkeri av ein unge som ikkje finn på ugagn fordi ho keiar seg eller treng merksemd, rampestrekane er ei forlenging av ho sjølv. Dei er hennar høgrebein. Men sjølv om Jenny er ei ekspressiv jente som ikkje har lett for å kontrollera seg, er ho også kjenslevar.

Frå første line presenterast Jenny med overskot og sjølvtillit. Ho tek plassen og mikrofonen fremst i bussen på skuletur, viss på tilhøyrarane sin velvilje. Seinare ligg ho heilt stilt fordi ho vert sjuk etter å ha prøvd å røyke. Jenny Fender er høge fjell og djupe dalar.

Jenny er eit fyrverkeri av ein unge

Heidi Marie Vestrheim. Foto: Jan Khür

Venskap går tapt, kjærast vinnast

Saman med besteveninna Signe har Jenny eit band, Nabovarsel. Handlinga i romanen vert sett i gong av at bandet får i oppdrag å spele på siderfestivalen som ligg nokre veker fram i tid samstundes med at Signe brått må flytte. Då rasar verda saman for Jenny. Inntil musikarfaren seier at Nabovarsel likevel kan spele på siderfestivalen. Og: Ei jente frå Oslo som går på ungdomsskulen flyttar inn der Signe budde.

Intrigen i romanuniverset er knytt til om bestevenene klarar å halde saman sjølv om dei bur langt frå kvarandre. Jentene har lova å ikkje vikle seg inn i kjærastegreier. Dei har kvarandre og bandet. Nærleiken og dei tette banda vert sett på prøve i eit dramatisk forløp. Her går venskap tapt, mens kjærast vinnast. Samstundes vert Jenny sin personlegdom utfordra.

Spaningstoppen utløysast av at Jenny takkar ja til meir enn ho maktar og ikkje klarar å vere open om kva ho har stelt til. Det er så dramatisk at eg får lyst til å gripe inn i handlinga og be Jenny halde opp, oppføre seg, tenkje på andre enn seg sjølv.

Det er så dramatisk at eg får lyst til å gripe inn i handlinga

I korte, særs konsentrerte kapittel og med god språkføring har musikarforfattaren med hell teke musikken inn i romanskrivinga

Sjølvhevdande med mindreverdskjensle

Hovudpersonen har noko sjølvhevdande ved seg som gjer at ho ikkje ser andre sine trengsler. Samstundes skaper hennar overskot av vilter åtferd liv i forteljinga. Ho er grenselaus, men risikoåtferda fører også til ei løysing på krisa ho har utløyst.

Eg får også auge på mindreverdskjensle hjå ho som bur på bygda når byjenta kjem flyttande. Alt dette gjer Jenny Fender til meir enn ein unge du helst ikkje vil ha inn i stova di, ho får utvikle seg til ein sjarmerande hovudperson.

I korte, særs konsentrerte kapittel og med god språkføring har musikarforfattaren med hell teke musikken inn i romanskrivinga. Jenny Fender er ein konseptroman som bruker musikk aktivt. Kvart kapittel har ein låt som overskrift som verkar poengterande og gjev utrykk for dei sterke kjenslene til hovudpersonen. Bandet løyast opp og foreinast – som om dei skulle ha vore eit helt ekte rockeband.

Meldinga held fram etter annonsane. 

At ein kan lytte til boka i ei heilt anna estetisk uttrykksform, er ein særs god ide

Musikken følgjer handlinga

Ei speleliste finn eg til sist i boka. Den finn ein også på Spotify. At boka finnast som musikk, at ein kan lytte til boka i ei heilt anna estetisk uttrykksform, er ein særs god ide. Det verkar forunderleg enkelt og romanen flottar seg ikkje med det.

Musikken er henta frå eit breitt spekter. Frå «Imagine» av John Lennon til Girl in Red med I Wanna Be Your Girlfriend. Det går frå Nirvanas grungerock til Billy Eilish sin rolege vokal. Nedslagsfeltet gjer at mange vil kunne kjenne seg att. Lydsporet tek fleire inn i boka. Her er potensial til ein bestselgar.

Låtane er såpass integrerte i universet at forfattaren også fortel om Jennys veg ut av skapet gjennom musikken. Eg veit ikkje om dette er gjort like heilstøypt tidlegare i norsk barnelitteratur, sjølv om musikk ofte speler ei rolle i mange bøker både for vaksne og born. I engelsk ungdomslitteratur finn ein ei lang liste over bøker med speleliste i den kommersielle enden, som Icebraker av Hannah Grace, men også ein roman som The hate U give av Angie Thomas har ei speleliste med eit lydspor på Spotify.  Mange vaksne hugsar Johan Harstads Buzz Aldrin, Hvor ble det av deg i alt mylderet, der The Cardigans‘ utgjevingar er titlane på de fire delane. Men i Jenny Fender følgjer musikken handlinga slik at lesaren kan oppleve boka i fleire dimensjonar.

Det er ikkje nytt at også prosalitteratur nyttar seg av musikk på ulike vis. Men at boka har QR-koder til Spotify er nytt. Eg kan berre halde mobilen bort til boka og vipps har eg låtane til Jenny Fender, som er eit godt utval av ny og gamal musikk. Dei ungane som ikkje er kjende med godbitar frå populærmusikkhistoria, får sjansen gjennom lydsporet til Jenny Fender. Heidi Marie Vestrheim byr på eit heilstøypt romanunivers med ei heltinne som tek pusten frå deg. Sommar og bilturar i sikte!

Her er potensial til ein bestselgar

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·