Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Vi menneske treng meir av den barnlege nysgjerrigheita

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

mandag 29. april 2024

HVOR
Trondheim

Anne Marit Sæther og Gilles Berger står bak det leikne friteateret Cirka teater. Etter 40 år i manesjen er det tid både for fest og tilbakeblikk.

↑ Anne Marit Sæther i forestillingen «Tankelaboratoriet» fra 2013. Foto: Cirka Teater/Wil Lee Wright

Jubileumsår er travelt, men Anne Marit Sæther rekk likevel å treffe Periskop mellom slaga i lokala deira på Nyhavna i Trondheim. Sæther viser fram boka dei har laga i høve 40-årsjubileet. Cirka 40 år med teater er eit omfangsrikt historisk dokument.

– Du kan eigentleg berre lese boka, så slepp du å intervjue meg, seier ho og ler.

Anne Marit Sæther er kunstnerisk leder og en av grunnleggerne bak Cirka Teater. Foto: Kjell A Olsen.

Når vi møter barna, opplever eg at viss ein har eit prosjekt som treffer godt, er dei til stades, konsentrerte, entusiastiske

Frå gata til gymsalen

Boka blir liggjande på bordet, og ho fortel villig om tilværet som 40 år gamalt bursdagsbarn.

– Eg har nok gløymd omfanget av kor mange produksjonar og kor mange menneske som har vore på løningslista til Cirka teater, seier ho.

Med meir enn 40 eigenproduserte teaterframsyningar i bagasjen, forklarar ho at arbeid med nye prosjekt likevel ikkje blir enklare etter kvar gang.

– Eg vil seie at noko blir enklare, ein blir nok flinkare å skrive søknadar. Det som kan vere utfordrande, men òg veldig gøy, er å knekke kvart prosjekt sin kunstnariske visjon.

Sæther fortel at teater som kunstform ikkje er så festa til samtida si som ein skulle tru.

– Framsyningane våre handlar om det å vere menneske, og eg trur at det første stykket vårt som vi spelte på gata, står seg i dag. 

Ho trur at barn i dag ville tykt det var like underhaldande å sjå framsyninga som barna i 1984, for måten teater fungerer på i møte med barna har ikkje endra seg.

– Når vi møter barna, opplever eg at viss ein har eit prosjekt som treffer godt, er dei til stades, konsentrerte, entusiastiske og har masse spørsmål. Dei vil gjerne kome fram og sjå og ta på alt, seier ho.

Er det noko som har forandra seg mykje sidan de byrja?

– Det er i hovudsak ramma rundt det å møte barna. Den kulturelle skulesekken var jo ikkje der då vi starta opp. Vi heldt på i 20 år utan at det fanst noko apparat for å nå ut til barna med framsyningane i så stor grad. Det er ein fantastisk ressurs som er heilt unik på verdsbasis.

«Cirka 40 år med teater» er Cirka Teater sin sjølvbiografi, kan ein seie. Cirka Teater har spelt på store institusjonsteater og i små gymsalar, dei har turnert i alle norske fylke og har hatt ei rekke internasjonale oppdrag. Antologien inneheld artiklar av teatersjefar, skodespelarar, regissørar, musikarar, meldarar, arkitektar, produsentar og arrangørar. Foto: forlaget

Cirka teater


Cirka Teater ble etablert i 1984 og er ett av landets mest erfarne kompanier i det frie feltet.

De har base på Nyhavna i Trondheim. I løpet av årene har de produsert over 40 forestillinger.

Cirka Teaters forestillinger varierer i størrelse, fra mindre turnéforestillinger og produksjoner i samarbeid med institusjoner, til store utendørs evenementer. Alle kjennetegnes av et lekent visuelt språk.

Det er mange kunstnere som bidrar til det sceniske uttrykket, og størrelsen på Cirka Teaters team varierer med aktiviteten. Den faste kjernen består av Anne Marit Sæther, Gilles Berger og Espen Dekko.

Cirka Teater mottar årlige tilskudd fra Kulturrådet og Trondheim Kommune.

(Kilde: Cirka Teater)

Cirka Teater si alle første framsyning, «Og så kom fyren» (1984), var resultat av ein gateteaterturné. Sidan vart framsyninga vist på Barne-tv på NRK. Foto: Cirka Teater

Vi som starta på åttitalet byrja jo å spele for barn som ikkje var digitale i det heile

Sterk konkurranse med skjerm

Etter å ha arbeidd med barn så lenge, har Sæther erfart at ei gruppe barn kan vere samansett av like mange personlegdomstypar som ei gruppe med kunstnarar.

– Du har dei som er reflekterande, dei veldig fysisk aktive, dei som vil gjere alt på ein annan måte, og dei som ikkje vil gjere det du seier, men har kome med masse kreative innspel. 

Mangfaldet i personlegdom møter Sæther like ofte no som før, men ho peikar likevel på at barndomen i dag er annleis enn då ho var barn. Dette kjem fram når ein fortel barn noko som er knytt til den generelle samfunnsutviklinga, til dømes relaterer ikkje barn i dag til fenomen frå åttitalet.

– Når du fortel at det fanst ei verden utan mobil og det digitale, blir det jo rart for dei. Vi som starta på åttitalet byrja jo å spele for barn som ikkje var digitale i det heile, forklarar ho.

Cirka Teater har utmerka seg med spektakulære scenografiske installasjonar. Her frå «Flyvere». Foto: Cirka Teater

Teater er ein sterk konkurranse til skjerm fordi det er så levande

Her og no

Trass i avisoppslag og debattar om barn sin skjermbruk og låge leselyst, treff ho sjeldan barn med lite merksemdsvindu eller andre samtidssjukdommar.

– Dei framsyningane vi spelar, fangar barna i den perioden det varar. Vi er medvitne på å halde kontakt med barna heile tida. Det er viktig at ein som skodespelar som har blikkontakt og er reelt interessert i og til stades for barnet, seier ho. 

Vidare forklarar ho at det ligg i teateret sin natur å gjere nettopp dette:

– Det spesifikke og heilt unike med teater er at det skjer her og no, og det blir barn intuitivt fanga av, seier Sæther

Ho meiner at typen energi som skapast i eit rom saman med barna er heilt unik for teater- og konsertopplevingar.

– Det trur eg blir ein sterk konkurranse til skjerm fordi det er så levande. Det pustar, og vi er ekte menneske som står framfor dei.

Samstundes er Sæther bekymra for at barna ikkje les like mykje no som før, og at barna berre meistrar å fordjupe seg i noko i korte intervall.

– Nettopp det er ei oppgåve for teateret, at vi klarar å få hundre barn til å sitte konsentrert i 45 minutt. Det er ein stor oppgåve, men det er viktig å skape ein slik plass.

Å sitja stille er ikkje så lett alltid. Her er Anne Marit Sæther i framsyninga «Klasserommet» frå 2022. Framsyninga var i samarbeid med Rosendal Teater. Foto: Hallvar Bugge Johnsen / Cirka Teater

Ein tar barn på alvor ved å gå inn i dei store kjenslene

Ekspertar på sterke kjensler

Vi kjem inn på den generelle barnekulturen i dag, og eg trekk fram NRK Super sin julekalender frå i fjor, Snøfall. Den fekk kritikk for å ta føre seg kreftsjukdom hos foreldre med lite sensitivitet, og eg lurar på om kva Sæther meiner om å handsaming av slike tema. Finst det tema som dei ikkje vil eksponere barna for i framsyningane?

– Nei, ikkje eigentleg. Det viktigaste er å vere medviten på korleis ein formidlar ting, svarar ho.

– Ein tar barn på alvor ved å gå inn i dei store kjenslene. Det er ingen som er så ekspert på sterke kjensler som barn. Det er når vi blir vaksne at vi slipast ned og lærar oss å vise ein fasade.

Ho fortel at dei har som mål å leie barna gjennom vanskelege tema i framsyningane sine med trygge rammer.

– Eg trekk ikkje barna ut i det vanskelege og forlèt dei der. Det finst ofte mykje håp i dei vanskelege forteljingane.

Frå «Tankelaboratoriet» (2013), ei framsyning som handlar om at kjenslene våre ofte blir misforstått av andre. Foto: Cirka Teater

Å gi håp

Dette var grunnsteinen i prosjektet frå 2010 som fekk namnet Tankelaboratoriet, ei framsyning som handlar om at kjenslene våre ofte blir misforstått av andre. 

– Det kan hende eg er veldig redd, men så kjem det ut som at eg verker sint og vanskeleg. Andre kan vere veldig opptekne av å gjere ting på riktig måte, og difor ser det ut som dei ikkje kan samarbeide med andre, fortel Sæther. 

I Tankelaboratoriet blei fenomena laga karaktertypar av, og dei viser barna at ein ofte skjuler det ein kjenner inni seg utan at ein heilt forstår det sjølv. Etter kvart er det særleg fire av typane som blir veldig isolerte og vanskelege.

– Der kan eg ikkje forlate barna. Eg kan ikkje forlate dei i einsemda der karakterane aldri tør å gå ut og sjå dei andre. Då sit dei att med tankar som «eg klarer ikkje slutte vere sint», «ingen forstår meg» eller «eg kjem aldri til å bli som dei andre», forklarar ho.

Sæther understrekar at det er viktig å gi publikum håp, og at dei gjennom Tankelaboratoriet klarar å dreie fokuset mot meir positive tankar.

Frå «Puls» (2022). Foto: Kristian Wanvik / Cirka Teater

Det å lage snåle karakterar, rom som er opp ned og heilt sprøe, å ikkje vere A4, er veldig viktig

Barnet og kunstnaren: to sider av same sak

Då Sæther byrja med det første deltakarprosjektet sitt, En stein er en bit av jordkloden, lærte ho at barn si framferd har mange likskapar til skodespelarametodikk. Dette kjem særleg til uttrykk i improvisasjonen med skodespelarane. 

– Når vi har ei førestilling som har mykje av eit bestemt materiale, la oss seie papir, byrjar vi å undersøkje rørslene i papiret. Vi leitar etter assosiative idéar, vi vil utforske tankar og kroppslege rørsler.

Ho fortel vidare at denne improvisasjonsmetoden har blitt nytta i prosjekt ho skapar saman med barna, og at det har resultert i at fleire av førestillingane deira lar barna delta og forme det som skjer.

– Den viktigaste eigenskapen som skapande menneske er å vere leiken, seier ho.

Intervjuet held fram etter bilete og annonsar. 

Nami Kitagawa Aam i forestillingen «Fyr» av Cirka Teater og Trøndelag teater. Foto: Johannes Laukeland Fester Sunde

Teateret har bruk for deg

Ein viktig muskel

Sæther meiner at leiken er som ein muskel, den må haldast varm.

– Det å la seg fascinere av alt som verker rart og annleis i staden for å seie at det er for rart er viktig. Vi menneske kunne trengt meir av den barnlege nysgjerrigheita.

Den barnlege nysgjerrigheita summerer opp kunstnarskapet hennar, og teateret er viktig for henne fordi det kan peike på det rare på ein unik måte.

– Det å lage snåle karakterar, rom som er opp ned og heilt sprøe, å ikkje vere A4, er veldig viktig. Når barna får sjå og skape teater lærar dei seg også å famne om det som er annleis, det gjer nok dei vaksne òg. 

Når det gjeld identitet og sjølvforståing, gir teateret rom for at barn kan vere som dei er, og ein blir vist at det eigentleg ikkje finst fasitsvar på noko som helst, meiner Sæther.

– Det finst rammer i skulen og det finst rammer innad i familien. I teaterverda er du ein ressurs uansett om du er sjenert og snill, eller utagerande og full av kraft. Teateret har bruk for deg.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · ·