Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Alle hundar han ser

KATEGORI

Annet,

SJANGER

Kommentar,

PUBLISERT

mandag 14. oktober 2013

Ein svært god – og ny – Albert Åberg-film!

↑ Forholdet mellom barn og eldre står sentralt i «Hokus Pokus Albert Åberg». Foto: Filmweb

Albert Åberg har ein jo sett før. Mange gonger. Eg tenker på film-miniatyrane der Albert og faren speler hovudrollene. Lågmælte melankolske lyriske dialogar ein for alltid hugsar. Ein minnest også dei andre skikkelsane: Skybert, fetrane, bestemora og så vidare. Men det er faren og Albert som er kjernen. Og forholdet deira er prega av visdom og ro.

Kanskje var det nettopp difor suksessen til Åbergskaparen Gunilla Bergström vart så stor? Albert Åberg blei eit dvelande haldepunkt på tv. Han blei ei trygg tv-hamn for dei som kanskje ikkje hadde tilgang på ro og tryggleik der heime. Svært mange born har jo ikkje det.

Fakta


«Hokus Pokus Albert Åberg»

Regi: Torill Kove

Manus: Hans Åke Gabrielsson og Tora Berg

Med: Henrik Forsbak Langfeldt, Kim Haugen, Hallvard Lydvo m.fl.

Musikk: Georg Riedel, Niklas Fransson, Ulf Turesson

Maipo film

Ikkje ein døll kopi

Heime hjå Albert er det som oftast ei dvelande ro. Faren er generelt litt fjern – men han er snill og presterar eit kunststykke i det å snakke med born. Han var åleinepappa i ei tid der dette var svært sjeldan. Trass i at det var ein person ein aldri snakka om – som ikkje var der: mor – så var det ro og tryggleik. Ein slik duett er mykje meir vanleg no i 2013. Og når Albert og pappa er attende på lerretet, er det ein enorm risiko. Korleis skal ein klare å projisere og aktualisere Åbergvibbane inn i ipadgenerasjonen? Det er ein skikkeleg spent på når ein går på kino for å sjå «Hokus Pokus Albert Åberg».

Eg kan ikkje halde det inne så lenge. Filmgleda er på topp allereie under rulleteksten. Ein blir glad over å lese namnelista. Ein blir glad av å sjå at dei har fanga inn solide skodespelarar med høg integretet – og musikarar på toppnivå. Lydleg og biletmessig er lerretet glitrande koordinert frå første sekund. Det er ein perfekt glid mellom teikningar og lyd. Og det kjennest ikkje som ein døll kopi av den perfekte originalen. Nei! Regissøren har klart å framkalle ei djupne i bileta – og fornya heile fargepaletten til Albert. Medan fargepaletten på dei gamle Åbergfilmane var prega av sytti- og åttitalet er det no totusenogtitalet. Det er ikkje lenger så mange jordfargar. Interiøra og boligsettingane er også fornya, naturlegvis, men det funkar. Teiknarane har framstilt eit grønt og levande bylandskap ein får lyst til å hoppe inn i. Teiknarane i dette prosjektet teiknar med ein lettheit som minner om den franske illustratøren Sempè på det beste.

Godt handverk

Det er ei oppleving å sjå dette i Konsertpaleet i Bergen, i sjølve gromsalen på mange hundre seter. Eg synest det er flott av ein stor norsk kinematograf å la denne filmen få maksimal lerretplass. Resultatet er ei gesamtkunstoppleving for både born og vaksne: konsertsal-auraen frå femti- og sekstitalet får leve litt igjen. Dette var konsertsalen for symfonisk musikk i Bergen. Det var her Herbert von Karajan dirigerte Berlinerfilharmonikarane. Og då passar det perfekt å vise Albert Åberg her femti år seinare.

«Hokus Pokus Albert Åberg» er  ein film som verker godt på det store lerretet. Eg kan ikkje sjå spor av dårleg digitalt handverk her. Eventuelle teikn på pikselering har blitt rydda bort. Heldigvis – på eit megalerret som Konsertpaleets sal 1 hadde det sett grufullt ut. No er resultatet at borna i salen vil danse inntil lerretet under filmen. Så taktil er filmen – slik god film av og til kan bli.  Og ein time seinare, når filmen er over, gjer borna nett det. Dei spring opp og dansar inntil lerretet.

Dansen har gode kår i denne filmen. Eit svensk musikarlag i stjerneklassen har laga ny og god raffinert verdsmusikk til denne filmen. Det meste er basert på tematikken og melankolien i den gamle gode, kjære kjenningsmelodien til Albert Åberg. Den kjem stadig fram i sin originale form – før den blir variert inn i meir moderne rytmikkar. Det musikalske høgdepunktet er ein låt der Timbuktu sjølv er med. Etter det eg forstår, er musikken produsert av hans faste musikarar. Norske Ane Brun er også sentral i ein annan og langt meir melankolsk låt. Og det blir ikkje ein skikkeleg Albert Åberg-film utan litt melankoli og nostalgi. Saknet står sentralt i hans univers. Han lengtar etter noko. Han lengtar etter å bli større. Ein kan også ane at alt han lengtar etter er substitutt for eit sakn etter ei mor. Ho blir aldri nemnd i filmane – men ho blir trass i dette nemnd gjennom saknet som blir relatert til ting og tilstandar. I denne filmen er det ein hund Albert lengtar etter.

Albert Åberg, nå også med et sosialt liv. Foto: Filmweb

Hundar og eldre: viktige saker

Eller rettare sagt: mange hundar. Han vil ha alle hundar han ser. Og i filmen kryr det av hundar. Alle triggar den store draumen i han. Lengten etter eit lite dyr er rørande, kombinert med alle dei vakre hundane teikne-teamet har klart å framkalle. Dermed blir saknet konkret. Møta mellom Albert og hundar i løpet av filmen blir sterkare og sterkare. Han byrjar naturlegvis å mase på pappaen sin. Medan Albert før har projisert fram sin ven – Skybert – er Albert no langt meir avansert. Det er eit levande vesen han vil ha. Og dette er ikkje så unaturleg:  forsking viser at hundar kan bety enormt i terapi nettopp for born. Ikkje det at Albert treng terapi – men ein veit jo aldri.

Han byrjar å spare pengar til ein hund. Han tener mest på å gå tur med ein annan og veldig liten hund. Det er eit eldre ektepar som eig henne. Mannen er (hobby)magikar. Ho er truleg frå eit latin-amerikansk land. Ho speler iallfall latinogitar som ei gudinne. Hunden gjer at Albert, og til tider nokre av venene hans, har mykje kontakt med dei. Dette er eit anna alvorleg og uhyre viktig aspekt av filmen: tryggleiken born får av å vere med eldre er uerstatteleg. Born treng å sjå at det går an å vere med eldre, og det er ei påminning til oss vaksne om å legge til rette for dette. Denne born-eldre-tryggleiken oser på lerretet. Det gamle paret får også mykje igjen for vennskapet med Albert. Det er gjensidig. Alt blir gjenspegla av fargeskalaen teiknarane har framkalla inni heimen deira: ei herleg hule fylt med sterke knallfargar, med alskens raritetar – og ein liten hund. Ein ganske stor kontrast til pragmatikken heime hjå Åberg senior.

Tryggleiken Albert opplever, både i kontakt med det eldre ekteparet  og hunden, gjer godt for Albert. Han får krefter til å seie nei til dei tøffe borna som erter og terger han. Det ender med at Albert får respekt på mange plan. Alt er formidla perfekt av eit godt casta team av norske stemmer. Det heile er toppa av velspelt og fin ny musikk.  Med andre ord: Absolutt sjåverdig! Ein tankevekkar og påminnar om kva hundar og eldre betyr for dei minste. Og for oss vaksne.

Annonser

Stikkord:
· ·